Frivilligprisen

Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid.

 Frist for å melde inn i år er 31.12.2025. 

I tillegg til heider og ære får prisvinnaren blomar og ei pengegåve gitt av Frende forsikring.

Har de forslag om kandidat til årets Frivilligpris?
Kriterier/retningslinjer for prisen:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisens vinnarar.

Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Desse har fått frivilligprisen tidlegare år:
2011: Steinar Åheim
2012: Martin Slåttelid
2013: Alf-Rune Leirvik
2014: Saroya og Jeyakumar
2015: Heida Vel
2016: Alette Teige
2017: Jan Olaf Hareide
2018: Klede til glede
2019: Leif Tjervåg
2020: Marit Lyster
2021: Stig Vestnes
2022: Kaja Runde
2023: Sigmund Nymark
2024: Linn-Therese Sævik 

Vi ber dykk om å sende inn forslag til kandidat til

frivillig@heroy.kommune.no eller Herøy Frivilligsentral Lisjebøvegen 10A 6091 Fosnavåg, innan 31.12.25. 
Dersom du har sendt inn tidlegare, tek vi gjerne imot same forslag også i år.

2025 © Herøy Frivilligsentral