-
Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er midlar som vi får etter søknad til fylkeskommunen, vi har i år hatt ein del arrangement på omsorgssentera.
Aldersgruppe:
Del på:
-
Frivilligprisen
Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid.
-
Natteravnane
Er nok eit viktig og godt tiltak i Herøy, vi er der for og med ungdommen, tilstade. Vi ravnar fredagar, då er fritidsklubben open og det er mykje folk ute å fartar, både i sentrum og ved kulturhuset. Ravninga startar kl 22:00 med ei kort orientering frå ein av oss i styret. Det er først og fremst foreldre og føresette til 8.klassingane som vert kalla inn til ravning ein kveld i løpet av skuleåret, men andre som har lyst til å gå ei vakt er hjerteleg velkomne til å verte kalla inn. Send ei melding til 99210020 eller frivillig@heroy.kommune.no om du har lyst til å stille ein kveld!
-
Naturmøteplass i Parken
Onsdagar kan du ta trimturen til Parken i Fosnavåg
-
Strikkekafè
Kvar torsdag arrangerer vi Strikkekafe på Frivilligsentralen Kafeen er open frå kl 12 - 14. Her kan ein møte folk - utan å egentlig kjenne nokon. Du treng ikkje strikke for å vere her heller. Salg av kaffi og noko attåt 30,- pr pers, som også er heilt frivillig. Hjertelig velkomne skal dokke vere