-
Babytreff
Babytreffet er eit samarbeid mellom Herøy helsestastjon og frivilligsentralen. Det er ein uformell møteplass for foreldre i fødselspermisjon og babyen.
Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er midlar som vi får etter søknad til fylkeskommunen, vi har i år hatt ein del arrangement på omsorgssentera.Denne hausten får vi blant anna besøk av «Kjell Elvis», og vi oppmodar familie og vener til å kome å vere ilag med sine kjære for litt «rock an roll» på sjukeheimen denne dagen, annonse kjem når det nærmar seg. Vi har også fleire kjekke arrangement på tapetet i denne ordninga, det er til og med snakk og T-dans på laurdagar, og vi håper at fleire av famile og vener kjem for å vere i lag. Nokre arrangement vert annonserte i lokalavisa, medan andre vert kun ved plakatar eller oppslag, så følg gjerne med her.
Del på:
-
Frivilligprisen
Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid.
-
Høyrselhjelp
Høyrselhjelp
-
Middagsombringing
Vi køyrer tirsdagar, onsdagar, og torsdagar, mellom kl 13:00 og 14:30.
-
Natteravnane
Er nok eit viktig og godt tiltak i Herøy, vi er der for og med ungdommen, tilstade. Vi ravnar fredagar, då er fritidsklubben open og det er mykje folk ute å fartar, både i sentrum og ved kulturhuset. Ravninga startar kl 22:00 med ei kort orientering frå ein av oss i styret. Det er først og fremst foreldre og føresette til 8.klassingane som vert kalla inn til ravning ein kveld i løpet av skuleåret, men andre som har lyst til å gå ei vakt er hjerteleg velkomne til å verte kalla inn. Send ei melding til 99210020 eller frivillig@heroy.kommune.no om du har lyst til å stille ein kveld!