Velkomen til Herøy frivilligsentral

Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom. Her står som regel kaffien klar. Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.

Frivilligsentralen i Herøy skal bidra til å gjere Herøy kommune til ei enno betre kommune å bu i ved å kartlegge, synleggjere og ta i bruk dei frivillige ressursane i kommuna. Frivilligsentralen skal vere eit knutepunkt og bindeledd mellom dei som vil yte ein ubetalt innsats i nærmiløet/lokalsamfunnet og dei som ynskjer å motta slik innsats. Fs skal fungere som møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar/samanslutningar og det offentlege. 

Nye og hyggelige lokaler på Herøy kulturhus. 
Etter flyttinga frå sentrum har Frivilligsentralen kome seg godt til rette på kulturhuset. Lokala er lyse og trivelege, og er mykje i bruk – både eigne arrangement og aktivitetar, men også mange ulike frivillige lag og organisasjonar nyttar seg av tilbodet om gratis lokaler til møter og kurs. På dagtid er det litt rolegare på kulturhusområdet, sjølvsagt er det elevar og barnehagar innom både biblioteket og idrettshallen. Elles er det på kveldstid det er mest folk her i ulike aktivitetar, parkeringsplassen er stort sett full av bilar, noko som tyder på at det er mykje liv og røre her i området.  

2024 © Herøy Frivilligsentral