Velkomen til Herøy frivilligsentral Vi skal vere eit ressurssenter for all frivillig aktivitet i Herøy kommune Vi har ope mandag - fredag kl 10-14, men her er ofte folk ellers også så det er berre å stikke innom. Her står som regel kaffien klar. Den største gleda ein kan ha - er å gjere andre glad.
Frivilligplan Herøy kommune skal saman med frivilligheita i kommunen utarbeide ein Frivilligplan, som skal behandlast politisk innan utgangen av sept. 2011. Prosjektgruppa / arbeidsgruppa som skal utarbeide forslag til denne planen, har som ein del av planen bestemt at det skal lagast ei oversikt over eksisterande lag og organisasjonar med ca medlemstal og kva virksomheit dei driv, og på den måten beskrive den frivillige virksomheita i kommunen.