Onsdag 20 August
Kl. 18:00, Herøy folkebibliotek
Smak av eventyr- mat på bål og primus.
Vi har gleda av å invitere deg til eit spennande foredrag med «Eventyrgutten» John Hobberstad.

Foredraget handlar utelukka om turmat. I dette foredraget er fokuset på læring, tips og triks.

Han snakkar om utstyr som er nødvendig for å meistre kokkelering ute, kjem med gode tips til enkle rettar, og litt mer «gourmet» mat på tur.

Mat på tur treng ikkje å vere komplisert! Dette foredraget kombinerar eventyrlyst med praktiske tips og triks for å lage fantastisk mat på bål og primus.

Eventyraren John Hobberstad og hunden hass, Kayla, har via livet til å utforske Norge frå fjord til fjell. Han kan skryte på seg å ha gått Norge på langs, gitt ut to bøker om turmat og segla fra Langevåg til Trondheim i ein flamingo! Tørka turmat er skjeldan å finne i ryggsekken til John, han likar best å lage smakfulle og kreative rettar på bål og primus.

Kom å få smaken av eventyr og god mat på tur! Alle velkomne! Gratis inngang!

Dette arrangementet er ein del av prosjektet "friluftsliv for alle i Herøy 2025" og er sponsa av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

2025 © Herøy Frivilligsentral