Fredagstrill Herøy Helsestasjon og Frivilligsentralen samarbeider om møteplass for Far eller Mor, eller begge to, som er heime i fødselspermisjon.
Første turen er fredag 3.september.
Oppmøte er ved Herøy kulturhus.
Fredagar kl 11- ca 13. Særleg fedre er velkomne – snakk med kompiser som også har permisjon om å gå ilag.
Turane går slik:
Oddetalsveker: Kulturhuset, Sentrum, Vågsbrua, Ura, Kulturhuset. (første turen)
Partalsveker: Kulturhuset – rundt vatnet, via Berge.
Etter turen er det kaffi og noko lite å «bite i» inne på Frivilligsentralen, her er det matter på golvet og litt leiker til dei små.
Smittevern etter dagens relgar – 1 meters avstand, er du sjuk må du vere heime.
Mor er sjølvsagt også velkomen, og alle må huske å ta med seg barnet J
I 13 – tida avsluttar vi og alle går/køyrer heim til sitt, med nye vener og fine opplevelser for både store og små.
Hjerteleg velkomne!