Torsdag 27 Mai 2021
Herøy frivilligsentral
Høyrselshjelp
Treng du ein prat om din høyrsel og hjelp med høyreapparat?

Kom innom Frivilligsentralen på Herøy kulturhus - høyrselshjelpa er her første og siste torsdagen kl. 10-12. 
                                          

Kva er Høyrselshjelpa:
Ein likemann/høyrselshjelpar vil med sin skulerte brukerkompetanse kunne hjelpe deg med høyreapparatet ditt, samt gi informasjon om dei fleste høyrselsrelaterte forhald. Her er nokre eksempler på kva ein likemann/høyrselshjelper kan hjelpe deg med:

  • Korleis få øyrepropp/høreapparat på rett plass i øyret
  • Korleis reingjære øyreproppen/høreapparat
  • Hjelp til å bytte slangar, filter
  • Tips om korleis gradvis venje seg til utnytting av høyreapparatet
  • Kva  finnast av tekniske hjelpemidel i tillegg til høyreapparat
  • Kva er høyretaktikk og korleis påvirkar høyrselstapet kvardagen
  • Korleis forhalde seg til støyande, sosiale sammenkomstar
  • Korleis spele på lag med normalthøyrende nærpersoner/familie/ektefelle
  • Kva er grunnleggande rettigheiter og kva offentlege instansar som kan hjelpe
  • Likemannen/høyrselshjelparen har teieplikt og kan eventuelt kome på heimebesøk
  • Hjelpa er gratis!
2024 © Herøy Frivilligsentral