Litt info om oss:
Natteramnane i Herøy har eit eige styre, vi byter på å orientere de som skal vere natteramn. Vi sørger for at det vert låst opp, kaffi i koppen, signering av tausheitsskjema, gjennomgang av vandreruta og utdeling av utstyr.
Frivilligsentralen er basen, dei held til på Herøy kulturhus.
Kva og kvifor natteramn:
• Natteramnane er ikkje politi/vaktbikkjer. Vi er vaksne til stades, og vi passar ikkje andre sine barn. Natteramnane skal ringe politi/legevakt dersom det oppstår situasjonar der det trengs.
• Natteramnane skal ravne fredagar, dessutan prøvar vi å få til ekstra ravningar dersom det er arrangement.
• Målgruppa vår er ungdomskuleelevar.
• Foreldra til ungdomsskule-elevane, først og fremst 8.klasse, vert sett opp på vaktlista, og kvar familie går ein gong i året. Det er nok at ein av foreldra går, men fint om begge stiller, det er sosialt og kjekt å gå ilag.
• Vi sender ut lister 2-3 gonger pr år, enten på epost eller brev. Det blir sendt ut påminning på SMS nokre dagar før de skal ravne.
• Det er frivillig å vere natteravn, ynskjer de ikkje å vere med på denne ordninga må de gi oss beskjed om dette snarast.
• Natteramnane opplever mykje positivt i ungdomsmiljøet når dei er ute. Mange ungdomar søker til natteramnane for å prate, vi ser at det er behov for at vaksne er tilstade.
• Få innblikk i korleis ungdomsmiljøet er, og kva som skjer ute. Vite kva ein seier ja/nei til når dykkar ungdomar spør om å få gå ut.
• Det er viktig å vise dykkar ungdom at DU bryr deg ved å vere Natteramn.
Sjå også «Natteravnane Herøy» på facebook for meir informasjon og her: https://www.tryg.no/om-tryg/samfunnsansvar/natteravnene/index.html
Vi ynskjer alle lykke til med natteravninga.
Beste helsing i frå Ingvill Sævik Bjørneset (leiar), Petter-Geir Smådal, Kristian Ødegaard Skeide, Olin Tarberg, Robert Moltu og Svein-Are Tarberg.