Fredag 8 April 2022
Kl. 22:00 - 01:00, Herøy frivilligsentral
Natteravning
Natteravning handlar om å være til stade for barn og unge når dei ferdast ute på kvelds- og nattetid, ta ansvar og vise omsorg når dei unge treng det.

Litt info om oss:
 Natteramnane i Herøy har eit eige styre, vi byter på å orientere de som skal vere natteramn. Vi sørger for at det vert låst opp, kaffi i koppen, signering av tausheitsskjema, gjennomgang av vandreruta og utdeling av utstyr. 

Frivilligsentralen er basen, dei held til på Herøy kulturhus. 

Kva og kvifor natteramn: 

• Natteramnane er ikkje politi/vaktbikkjer. Vi er vaksne til stades, og vi passar ikkje andre sine barn. Natteramnane skal ringe politi/legevakt dersom det oppstår situasjonar der det trengs. 

• Natteramnane skal ravne fredagar, dessutan prøvar vi å få til ekstra ravningar dersom det er arrangement. 

• Målgruppa vår er ungdomskuleelevar. 

• Foreldra til ungdomsskule-elevane, først og fremst 8.klasse, vert sett opp på vaktlista, og kvar familie går ein gong i året. Det er nok at ein av foreldra går, men fint om begge stiller, det er sosialt og kjekt å gå ilag. 

• Vi sender ut lister 2-3 gonger pr år, enten på epost eller brev. Det blir sendt ut påminning på SMS nokre dagar før de skal ravne. 

• Det er frivillig å vere natteravn, ynskjer de ikkje å vere med på denne ordninga må de gi oss beskjed om dette snarast. 

• Natteramnane opplever mykje positivt i ungdomsmiljøet når dei er ute. Mange ungdomar søker til natteramnane for å prate, vi ser at det er behov for at vaksne er tilstade. 

• Få innblikk i korleis ungdomsmiljøet er, og kva som skjer ute. Vite kva ein seier ja/nei til når dykkar ungdomar spør om å få gå ut.

• Det er viktig å vise dykkar ungdom at DU bryr deg ved å vere Natteramn.
 Sjå også «Natteravnane  Herøy» på facebook for meir informasjon og her: https://www.tryg.no/om-tryg/samfunnsansvar/natteravnene/index.html


Vi ynskjer alle lykke til med natteravninga. 

Beste helsing i frå Ingvill Sævik Bjørneset (leiar), Petter-Geir Smådal, Kristian Ødegaard Skeide, Olin Tarberg, Robert Moltu og Svein-Are Tarberg.

Påmelding er stengt
2024 © Herøy Frivilligsentral