Vi har sett saman eit flott team av syklistar (pilotar) og passasjerar som symboliserer frivilligheit, generasjonsmøte og samskaping. Sykkelturen er også ein del av arbeidet med reforma «Leve heile livet».
Løypa går langs sykkelvegen frå Myrvåg forsamlingshus via Stokksund og Notøy gamle skule og til målet på Herøy gard. Det er 6 el-syklar av typen «Rikshaw» på rekke og rad, og små og store syklistar kan bli med og danne hale-heng!
På Herøy gard er det opplegg for små og store ute og inne kl. 13-16, inkludert barneteater-forestilling, i høve Bibliotekfestivalen som blir opna kl. 14.00. Då har sykkelfølget vonlegvis kome heilberga fram.
Vi har hatt med i planlegginga flinke folk frå Aktiv trening, samt to av trimgruppene (Tjørvåg og Gurskøy) som også er med på å arrangere det felles sykkelløpet «Gurskøya rundt» som kjem utpå seinsommaren!