Fredag 24 Mars 2023
Kl. 11:00 - 14:00, Herøy frivilligsentral
Babytreff
Babytreff er eit tilbod for far eller mor, eller begge to, som er heime i fødselspermisjon.

Babytreffet er eit samarbeid mellom Herøy helsestastjon og frivilligsentralen. Det er ein uformell møteplass for foreldre i fødselspermisjon og beissane ❤ Her kjem ein og går når det passar "sjefen" best - mellom kl 11 og kl 14. Vi legg ut matter på golvet og masse flunkande nye leiker som vi kjøpte på Ringo Fosnavåg i haust. De kan godt ta med eigen niste/lunch, vi serverer kaffi/te/vatn, noko lite attåt eller vafler når vi har det 🙂

For å få litt fart i gruppa no når fleire er ferdige med permisjonen, ber vi om di hjelp til å invitere dei du kjenner som har fått baby - tusen takk for at du gjer det Når du går heim vil du og barnet ha nye vener og fine opplevingar!Hjerteleg velkomne! 





2024 © Herøy Frivilligsentral