Tirsdag 27 November 2018
Kl. 14:00 - 16:30, Herøy Frivilligsentral
Etter skuletid
Velkomen "etter skuletid" tirsdag 27.11 fram til kl 16:30

Tysdag 27.november inviterer frivilligsentralen og flyktningtenesten til "etter skuletid" på Herøy Frivilligsentral. Her kan ein få seg ein kopp varm suppe, kaffi eller te, ein kan sette seg ned å gjere lekser, eller spele eit spel ilag. Det er mange skuleelevar ved og rundt kulturhuset som har ledig tid fram til timen på kulturskulen starter, skal på trening i hallen eller venter på skyss heim, alle de er sjølvsagt velkomne innom oss denne dagen. 

Elevar frå Herøy vidaregåande skule er også hjerteleg velkomne!  Har du ledig tid og har lyst til å treffe nokon å snakke med må du gjerne også ta turen innom, vi ynskjer også at vaksne kjem og er ilag med oss, eller hjelper oss litt med serveringa om du vil det. Alt er gratis - du treng berre å kome.
 På bildet ser du frå venstre: Mieaad og  Nihad frå Irak, Marta frå Eritrea og Pilar frå flyktningtenesta. I tillegg er Helen frå Eritrea , Ingunn- helsesyster, Ingvill og Britt frå frivilligsentralen med på dette arrangementet.

 



2024 © Herøy Frivilligsentral