-
Hørselhjelp 2024
HLF sine trefftider på Herøy frivilligsentral hausten 2024
FRIVILLIGPRIS 2019, vi søkjer kandidatar.
Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid. I tillegg til heider og ære får prisvinnaren ein diplom laga av Svein Olav Hatlen, blomar og ei pengegåve på 5000,- gitt av Møretrygd forsikring. Har du forslag til kven som fortener å få prisen?Kriterier/retningslinjer for prisen:
• Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.
• Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
• Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald hjå prisens vinnar.
• Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.
Vi ber dykk om å sende inn forslag til kandidat innan 06.01.2020.
Dersom du har sendt inn tidlegare, tek vi gjerne imot same forslag også i år.
Bilete: Lisa Leinebø Pinheiro, Malene Wolden og Anita Reite Onen fekk prisen 2018 for sitt engasjement og frivillig arbeid i «klede til glede».
Del på:
-
Vil du vere frivillig?
Frivillige hender, varme hjarte – det er dei som gjer ein skilnad i samfunnet.
-
Hausten 2022
Ferien er over, vi sveiver i gong tiltak og aktivitetar igjen 🤩🥳 hjarteleg velkomne store, små, gamle, unge og heilt nye 👶
-
Internasjonal fest
Laurdag 25.juni kl 16:30 inviterer vi til Internasjonal fest i Herøy kyrkje! Ta med venar, familie og litt mat - kom å spre litt glede ilag :)
-
"Den kulturelle spaserstokken" mai og juni
Konsertar, bildekåseri og aktivitet for eldre