Frivilligpris 2021, send inn forslag til kandidatar.

Herøy sin frivilligpris skal bidra til å gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, gjennom å påskjønne godt frivillig arbeid. Frist for å melde inn kandidatar er 31.desember.

I tillegg til heider og ære får prisvinnaren ein diplom laga av Svein Olav Hatlen, blomar og ei pengegåve på 5000,- gitt av Møretrygd forsikring. 

Har de forslag om kandidat til årets Frivilligpris?
 Kriterier/retningslinjer for prisen:

  • Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet. 
  • Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.
  • Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisens vinnarar.
  • Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Vi ber dykk om å sende inn forslag til kandidat til frivillig@heroy.kommune.noeller Herøy Frivilligsentral Pb. 59 6099 Fosnavåg innan 31.12.21
 
Dersom du har sendt inn tidlegare, tek vi gjerne imot same forslag også i år. 

2024 © Herøy Frivilligsentral