Frivilligåret 2022

I forbindelse med FRIVILLIGÅRET 2022 Har vi lyst til å, gjennom heile året, sette fokus på alt det flotte som skjer av FRIVILLIG ARBEID OG ENGASJEMENT i kommunen. Vi tenker å gjere dette ved å presentere ein, eller fleire alt etter kor mange som sender inn, organisasjon kvar veke gjennom heile året, «vekas organisasjon».

Vi tenker å gjere dette ved å presentere eineller fleire alt etter kor mange som sender inn, organisasjon kvar veke gjennom heile året, «vekas organisasjon».
 
Det vert publisert på facebooksida til Herøy Frivilligsentral, og delt vidare på Herøy kommune si facebookside.
 Frivilligsentralen legg også ut på Instagram, bilda/film og deler av teksta.
 Og då treng vi at de sender oss ei lita tekst, og eit eller fleire bilder, eller ein liten videosnutt.
 Det kan vere td, ein aktivitet de har lyst til å vise fram, at de treng fleire frivillige, eller medlemmar, de treng at foreldre engasjerer seg,

Eller at de treng pengar til eit eller anna. De bestemmer altså sjølve kva de har lyst til å promotere.


Teksta bør ikkje vere så lang, dersom de har ein film -maks 2 minutt, maks 3 bilder. 

Dersom de ynskjer at dykkar organisasjon skal presenterast i ei viss tid på året, sei i frå om det, så ser vi kva vi kan ordne.
 Tenk kor kjekt det vert når det er dykkar sin tur – alle vil dele og synest at det er stor stas! 
 
Håper at de blir med på dette, og hiv dykk rundt og sender inn så fort som muleg.
 Send epost til britt.paulsen@heroy.kommune.no 

Håper å høyre frå deg snarast J

Forslag:
 Tekst (ikkje for lang)
 *Kva de heiter, for eksempel gutte fotball 14, Bergsøy blandakor, Tjørvåg idrettslag, Kvalsvik grendelag, Remøy søndagsskule, LHL….
 *Kvar trenar/øvar/møstast/har aktivitet, og kor ofte (eks. Moltu stadion, Nerlandsøy bedehus, Sanitetshuset, fiskarhallen, Leikanger Grendahus)
 *Kor mange medlemmar ca
 *Kva treng de meir av (midler, medlemmer, foreldre, frivillige, lokaler, treningsarena, instrument, osv)
 *Kva er det kjekkaste med å vere med på dette
 *Kontaktinfo- viktig. Kvar skal ein melde seg om ein vil vere med? (helst namn, epost eller mobilnr).
 2-3 bilder, eller ein liten filmsnutt (maks 2 minutt) 

2024 © Herøy Frivilligsentral