Frivilligprisen 2019

Frivilligprisen 2019 gjekk til Leif Tjervåg for sitt engasjement og frivillig arbeid i velforeininga på Myrvåg omsorgssenter.

 Leif har vore leiar i velforeininga i 30 år. Dei arrangerer hyggekveld ein gong i månaden, god mat, med underhaldning, musikk og song.
 Neremfamilia, Paul Sandanger, Fred Frantzen og Bjørn Prytz  har vore der fleire gongar med underhaldning.
 Velforeininga dekker og pyntar borda, og serverer god mat til bebuarane.
 Dei får smørbrød frå kjøkkenet på sjukeheimen, men kaker, sveler eller vaflar stiller velforeininga opp med på kvar hyggekveld.

Desse kveldane er det månadlege høgdepunktet for bebuarane, og dei set svært stor pris på dette.
 Leif er alltid positiv og kjekk å samarbeide med, han er alltid løysingsorientert og fiksar det slik at alt vert slik det skal vere når godt folk kjem i lag for å hygge seg.
 Leif har gjort ein formidabel innsats i 30 år, også etter at mora hans gjekk bort har han halde fram med dette arbeidet.
 Han har vore nominert fleire år og no synast juryen det var på høg tid at Leif fekk denne utmerkinga.
 Prisen som består av, i tillegg til heider og ære, eit diplom laga av Svein Olav Hatlen, blomar og ei pengegåve sponsa av Møretrygd.
 Leif fekk seg nok ein kjipp, når vi kom brått på, heime med han på Storneset, sist fredag, Ordføraren med ordførarkjede på, Møretrygd med ein stor sjekk, og kameramann som forevige hendinga.
 Etter overrekkinga, samla vi oss på eit bord i hagen, med kake, kaffi og god prat, her fortel Leif at han vart nærmast sjokka, det kom som ei skikkelig overrasking, dette var han ikkje førebudd på. Men samstundes håpar han på, i tillegg til å vere takksam for denne tildelinga, at dette kan bidra til at rekrutteringa til velforeininga vil ta seg opp. Han fortel at dei er no ei gruppe som er til dels tilårskomne alle saman, og dei håper på at det kan kome nye krefter som kan føre dette viktige og kjekke arbeidet vidare. Han vil også svært gjerne dele denne prisen med alle dei andre i velforeininga som står på for å gjere dette arbeidet muleg. Oppmodinga frå Leif Tjervåg er klar og tydeleg, du gir litt av di tid og engasjement, men du får att mykje meir enn det du gir.


På biletet frå venstre: Fred Hansen - Møretrygd, Leif Tjervåg, Sigurd Nygard – styreleiar frivilligsentralen, Bjørn Prytz – Ordførar.
Fotograf: Thomas Teige Sporsheim

2024 © Herøy Frivilligsentral