Program hausten 2023

Kva skjer på Herøy frivilligsentral denne hausten

Mandagstreffet startar opp etter sommarferien, 21.august. Dette er ein møteplass for pensjonistar som er open kvar mandag mellom kl 12:00 og 14:00.
Her kan ein få ei hyggeleg stund ilag med folk du kanskje kjenner, eller du kan verte kjend med nye folk. Det vert servert kaffi og vafler her. Fyrste treff etter sommarferien vert mandag 21.08. Alle pensjonistar er hjerteleg velkomne. 

Strikkekafe` har vi kvar torsdag mellom kl 12:00 og 14:00. Dette er eit tilbud til deg som er heime på dagtid og har lyst til å treffe nokon å vere ilag med ei stund.
Vi kallar det strikkekafe`, men ein treng ikkje å strikke eller gjere anna handarbeid her, ein kan kome som ein er, og alle er velkomne. Det vert servert kaffi og vafler. Oppstart etter ferien er torsdag 24.08. 

Babytreff er det fredagar, mellom kl 11:00 og 14:00. Dette er eit tilbud til alle som har fødselspermisjon, både mor, far og baby er velkomne her.
De kan kome når det passar best innafor opningstida. Enkel serverting av kaffi, te og noko lite attåt. Ta gjerne med eigen mat om du vil det. Her startar vi oppatt fredag 25.08.

BUA, er ein utlånssentral av sport og fritidsutstyr, her ein kan låne mykje bra utstyr heilt gratis i inntil ei veke. Vi held til på Herøy kulturhus, mellom biblioteket og fritidsklubben. Her er det ope mandagar og torsdagar kl 15:00 - 17:30. Er du heilt ny, kan du ordne deg ein låneprofil her:  Opprett låneprofil 

Høyrselhjelpa er på frivilligsentralen ca ein gong pr månad mellom kl 10:00 og 12:00, her kan ein få hjelp med høyrselshjelpemiddel og enkel service.
Desse datoane er dei å treffe: 10.08, 07.09, 05.10, 02.11 og 07.12.

Natteravnar er også organisert via frivilligsentralen, der det er eit eige styre og dagleg leiar er sekretær for styret. Det er først og fremst foreldre/føresette til ungdommar i 8.klasse som vert innkalla til natteravning, ein fredagskveld dette skuleåret. Dei aller fleste syns det er kjekt å vere ute ilag med ungdommane, og ungdommane set pris på at foreldre er tilstade, noko som kan vere med på å gjere det tryggare å ferdast ute.

Middagsbringing til heimebuande i heile Herøy, gjer vi 3 dagar kvar veke. Ca 10 frivillige byter på å køyre ut middag frå insitusjonskjøkkena i Herøy. Vi køyrer 3 ruter to dagar og 2 ruter ein dag. Vi har no behov for fleire frivillige til denne ordninga.

TV-Aksjon 22.oktober går til Redd Barna, bli gjerne med å gjere ein innsats her. Ta kontakt med enten frivilligsentralen 99210020 eller leiar Bjørn Prytz 47393108.

Den kulturelle spaserstokken: Tore Halvorsen, tidlegare Ole Ivars volkalist, kjem til Herøy omsorgssenter og Myrvåg omsorgssenter 31.august. Torsdag 21.september vert det kulturkafe på Fosnavåg konserthus med "Elvis og Beatles" konsert, og mulegheiter til å kjøpe seg noko å ete og drikke attåt.

2024 © Herøy Frivilligsentral