Frivilligprisen 2014

Jeyakumar, Saroja her ilag med Ordførar Arnulf Goksøyr. Ordføraren sto for utdelinga av Frivilligprisen etter kveldsmessen i Herøy kyrkje søndag 18.januar.

Herøy kommune er heldige som har alle desse ildsjelene som stiller opp dag etter dag, helg etter helg, år etter år. I dei mange lag og organisasjonane vi har, men også enkeltpersonar som ikkje er tilknytta nokon organisasjon. Det kom  inn 7 forslag til frivilligprisen i 2014, alle kandidatane var absolutt verdige mottakarar, som har gjordt ein betydeleg frivillig innsats i mange mange år. Juryen fekk difor ein vanskeleg, men  takknemleg jobbb med å velje ut kven som skal få årets pris.  
Juryen har dermed beslutta å gi frivilligprisen 2014 til:  
Saroja og Jeyakumar

Dei siste 8 åra har Saroja og Jeyakumar jobba som frivillige medarbeidarar på kjøkenet i Herøy kyrkje. Dei er begge frå Sri Lanka, men kjenner seg heime i kyrkja, «Vi liker å gjere folk glade» seier Saroja når vi spør om kvifor dei orkar å stille opp for å koke kaffi og servere kaker etter gudstenesta søndag etter søndag. Dei kjem stillferdig litt etter Gudstenesta har begynt og set fram koppar, fat, kjeks, kaker, frukt, kaffi og saft. Heile kyrkjelyden set svært stor pris på deira innsats, deira gode smil og flotte fremferd.  Når kaffien er over hjelper dei til med opprydding før dei går heim.
Alt dette gjer dei søndag etter søndag, år etter år. Dei er så trufaste at når dei reiser til Sri Lanka på ferie, så skaffar dei vikar. Dei hjelper også til med nattverden, reinhald og andre ting når det trengst.
Det er ei stor glede og ære å gi denne prisen til desse ildsjelene, og vi vonar sjølvsagt at dei vil halde fram med frivillig arbeid i mange mange år til.

2024 © Herøy Frivilligsentral