Har starta jobbkafe - Herøy kommune

Onsdag denne veka starta det opp ein Jobbkafé i Frivillighetssentralen sine lokaler på Kulturhuset. Jobbkafeén er eit samarbeidsprosjekt mellom Herøy kommune og NAV Herøy Vanylven. Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim

Jobbkafeén er for arbeidssøkjarar og personar i NAV som treng eller ynskjer eit slikt samlepunkt av ymse årsakar. Kafeén skal vere ein sosial arena der man samlast for å utveksle erfaringar og byggje vidare på nettverk.

- Dette er ein ny aktivitet som er eit tilbud på lik linje med de andre marknadsaktivitetane vi køyrer. Vi skal få inn inn lokale aktørar, både frå det private og det offentlege, og ha fokus på ymse tema som vi vonar vil gi inspirasjon og vilje til aktivitet, seier jobbkonsulent i NAV, Kåre Hansen.

Jobb gjennom nettverk

Det er behov for fleire aktive i frivillig arbeid, og det er ein fin måte for arbeidssøkjarar å tette hol i sin CV. Det var godt oppmøte då Frivilligsentralen hadde tema og presentasjon av sine aktivitetar.

- Dei gjer ein kjempeinnsats lokalt, og det var naturlig å starte med dei i og med vi får vere her i desse flotte nye lokala på Herøy Kulturhus. Vi oppmodar alle som ikkje har vore innom å ta seg ein tur, seier jobbkonsulenten som har med seg Christina Tollås og Ingvil Frøysok som miljøarbeidarar og ansvarlege for prosjektet.

- Det er fyrste gong eg er med på noko sånt. Det er lettare å skaffe seg jobb gjennom nettverk og det er interessant at det er mykje forskjellig alder på dei som er her, seier prosjektleiar Ingvil Frøysok frå Moltustranda.

Sosial arena

- Vi håper at dei som deltek på tilbodet finn det nyttig. Vi har fokus på at det skal vere relevante tema og aktivitetar som gir noko igjen. Deltakarane kan påverke innhaldet i stor grad, det er eit nytt tilbod og innhald blir justert etter kvar samling som er ein gong i veka, avsluttar Kåre Hansen som er godt nøgd med fyrste runde med jobbkafé på kulturhuset ved frivilligsentralen.

2024 © Herøy Frivilligsentral