Hyggestund på omsorgesentera

Sist torsdag var det duka for ei hyggeleg stund ved omsorgssentera i Myrvåg og på Eggesbønes.

Øystein Eckhoff, opphavleg frå Syvde i Vanylven, har vore musikar på heiltid i 10 år. Han reiser rundt med gitaren og underheld på pubar, i bryllup og andre feiringar, men held også konsertar for den eldre garde.
Då dykkar han i det norske visearkivet, og hentar fram kjende og kjære songskattar og kanskje ein og annan du ikkje hadde høyrt før.  

Og folka «benka» seg framføre og tralla med, ei fin stund for beburarane vart det på ein elles fin sunnmørssommardag, der gradestokken syner så vidt eit tosifra tal, er det godt å hygge seg innandørs. 
Også trubaduren var fornøgd med dagens speleoppdrag:

«Det er utruleg givande å få halde slike konsertar som eg gjorde i Herøy på torsdag. Dei kjende så godt alle songane, og kvidde seg ikkje for å syngje med på dei gamle slagerane. I tillegg var det eit lydhørt publikum, og eg trur eg sette minst like stor pris på dei, som dei gjorde på meg». 
Neste arrangement i regi av Den kulturelle spaserstokken vert 4.juli, då vert det sommarkonsert med Guren Hagen. Vi ynskjer beburarar, familier og vener velkomne til å vere ilag.


2024 © Herøy Frivilligsentral