"Klede til glede" fekk Frivilligprisen

Frivilligprisen for 2018 vart i dag tildelt "klede til glede" og dei tre damene som i mange år har dreve dette tiltaket som er lokalisert i Herøy Kyrkje.

Alt arbeid er basert på frivillig arbeid og engasjement, og det er mykje arbeid å halde styr på alt av klede og utstyr som dei får inn til lageret sitt. Damene bruker veldig mykje av fritida si på å sortere, rydde og ikkje minst snakke med alle folka som kjem innom for å byte.
Prisen er i tillegg til heider og ære, ein diplom av Svein Olav Hatlen, pengengåve på 5000,- gitt av Møretrygd og ein blomsterbukett til kvar. Pengengåva ynskjer dei å nytte til å hjelpe endå fleire, særleg rundt høgtider og dei vert svært glade for all hjelp dei får av smått og stort.
Vi gratulerer og ynskjer dei lykke til vidare med dette fantastiske frivillige arbeidet! 


Fakta om "klede til glede":
På «Klede til Glede» kan du bytte, levere eller hente ut brukte klede og leike - til glede for miljøet og andre som treng det. Vi ser på oss sjølve som ein byttestasjon for lokalbefolkninga der døra står opa for alle :)

«Klede til Glede» er ope kvar onsdag mellom 13.30 – 15.30 i underetasjen på Herøy Kyrkje. Berre ta kontakt skulle du ha behov utover det, så opnar vi opp. Kan du ikkje levere onsdagar er kyrkjekontoret snille å ta imot klede/leike på dagtid alle kvardagar.

NB: Alle klede/leike må vere heile og reine, og helst merka med alder og kjønn.

I tillegg til å vere ein byttestasjon for alle har vi innsamlingar og bistår lokale folk, flyktningar, asylmottak og bistandsprosjekt.

Folk er så snille å gi her i distriktet at vi ønsker fleire brukarar velkomne! Mange kjøper og sel klede på nettet i dag - hos oss kan du bytte på same måte. Del gjerne denne sida på Facebook og inviter vennar slik at dei som ønsker å benytte seg av tilbodet vårt får sjansen til det. Takk!:)

«Klede til Glede» er basert på frivillig arbeid. Ønsker du å bidra med klesortering eller har prosjekt du treng klede/leike til, så ta kontakt.

Med vennleg helsing Anita, Lisa og Malene.

2024 © Herøy Frivilligsentral