Ny koordinator.

Monica Torvik Stokset starta i jobben 11.01.21. Stillinga er ei 50 % vikarstilling dei neste seks månadane.

Eg er veldig glad for å få prøve meg i stillinga som koordinator ved frivilligsentralen, i eit godt samarbeid med Britt Paulsen. Det blir spanande å sjå kva vi får til av aktivitet framover i denne pandemikvardagen. Eg gler meg til å treffe nye folk, og bli kjent med ein del av dei frivillige kreftene i kommunen, fortel Monica Torvik Stokset. Monica har ei treårig utdanning innan førebyggande helsearbeid, og jobbar også som folkehelsekoordinator i Hareid kommune i 50 % stilling. Ho er oppvaksen i Herøy, og valde å flytte tilbake etter fullført utdanning.  - Her bur eg saman med mannen min og gutane mine på 2 og 4 år.
Velkomen til oss! 🙂

2024 © Herøy Frivilligsentral